First Lego League er i Kvinnherad eit realfagsprosjekt for skulane i kommunen og blir arrangert av Newton-rommet. Det er gratis for alle skulane å delta. Skulane vil få dekka utstyr og påmeldingsavgift til den lokale turneringa. Laga som kjem vidare til skandinavisk finale vil få dekka utgiftene til reise og opphald.
Før og undervegs i arbeidsperioden vil alle rettleiarane få kurs om First Lego League.
30. august er det kurs på Newton-rommet.
13. september er det kurs med First Scandinavia i kulturhuset
14. og 15. september er det kurs med Runar Eikhaug frå NLA høgskulen (datoar er tildelt)
Kvinnherad Arena er den største aktivitetshallen i kommunen. Kapasiteten for sittande publikum er over 1200. Totalkapasitet er 3000. Kvinnherad Arena ligg ved Husnes idrettspark, omgitt av fotballbanar, turområde og Opsangervatnet/Onarheimsvatnet.
Program
Program for First Lego League i Kvinnherad.
Kl. 08:00 Arenaen opnar (laga kan setje opp stand)
kl. 08.15 Presentasjonar
kl. 09.00 Opningsseremoni
Kl. 09.30 Presentasjonar fortsett
kl. 10.55 Innleiande rundar
kl. 13.50 Pause med underhaldning
kl. 15.15 Mellomrundar
kl. 15.45 Finale
kl. 16:10 Avslutningsseremoni