Hils på Hilde

Hilde har erfaring som både veileder og prosjektleder i Ullensvang. Les hennes tre gode grunner for hvorfor man bør delta i FIRST LEGO League! 

hilde1-crop
Navn:
Hilde Norheim (turneringsby: Ullensvang)

Antall år i FLL:
Eitt år som veiledar og eitt år som prosjektleiar.

Hvorfor holder du på med FLL?
Fyrst og fremst fordi eg synest det er skikkeleg GØY! Og for at barn og unge i distriktet vårt skal få muligheten til å delta på eit så kjekt konsept som FIRST LEGO League er!

Hva er din favoritthistorie fra FIRST LEGO League?
Personleg må det vera då eg deltok saman med elevane mine på FIRST LEGO League i Bergen i 2019. Det var ei heilt elektrisk stemning i salen frå start til slutt på turneringsdagen, og eg var høg på adrenalin til langt ut på måndagen! Som prosjektleiar er eg stolt og audmjuk over at alle skulane i Ullensvang kommune stiller med eitt eller fleire lag i FIRST LEGO League! Dette er fyrst og fremst takka vera at framtidsretta rektorar, lærar og kommuneleiing ser verdien av å delta i FIRST LEGO League, men sjølvsagt også at politikarane og næringlivet i Ullensvang har applaudert tiltaket og gjort det mogeleg for oss å arrangera!

Hvorfor vil du anbefale veiledere og lag å melde seg på FLL?
1. Fordi det er skikkeleg GØY!
2. Fordi eg synest at det å delta i FIRST LEGO League er ein super måte å arbeida med det sosiale miljøet i gruppa/klassen på!
3. Fordi arbeidsmåtane og kjerneverdiane i FIRST LEGO League gir oss eit "fiks ferdig undervisningsopplegg" for å arbeida tverrfagleg med læreplanen i norsk skule og "21 st Century Skills". 

Konseptet er heilt i tråd med "overordna del" i læreplanen og dekkar fleire konkrete kompetansemål i til dømes norsk, matematikk, naturfag og kunst&handverk.

Fortell en fun fact om deg selv.
Eg har bygd og programmert min eigen vaskerobot av ei kakeform, ein hacka mBot og litt andre ting frå roteskuffa mi heime. Roboten heiter Vidar og virkar "sånn passeleg"... 
hilde1-crop