BugBuilders

Bildeblogg

01.11.2019

Framtidas hus er pustande Me var på tur til Stussvik hos arkitekt Vidar Rune Synnevåg, og såg på økohus. Han var veldig opptatt av at husene me byggjer no til dags må vere pustande, altså laga med materialar som pustar. Han synest ikkje noko om ventilasjonsanlegg og plast når me bygger hus. Faktisk samanlikna han tette hus (altså hus isolert med plast) med å bo i ein plastpose. Han hadde ein vegg som var byggja av halmballar og kalkpuss. Denne veggen var utan vindauge og plassert mot nord. Veggen mot sør hadde masse vindauge og eit drivhus inn mot husveggen. Han forklarte at inne i drivhuset var det ein eigen klimasone. Han hadde alle tomatplantane sine inni der. Drivhuset fungerte sånn at det varma opp huset innvendig om vinteren, og heldt varmen ute om sommaren. Inne i huset hans viste han oss korleis huset hans var laga. Han tok vekk eit maleri som hang på veggen og åpna ei luka som var bakom maleriet. Inne i den luka var det sagflis/spon som han tok ut av veggen og viste til oss. Dette var huset si isolering saman med ullpapp. Dette kaller vi pustande hus. Han dyrka mesteparten av maten (frukt og grønnsaker) sin sjølv. Vidar Rune forklarte at han ikkje brukte verken sprøytemiddel eller anna gift i hagen sin. Dette kallast økologisk jordbruk. Han fortalte også at han nytta all tilgjengeleg naturleg gjødsel, og det som låg i hans eigen septikktank… Ein metode han brukte var “no dig”. Den går ut på at ein dyrkar oppå jorda. Han dyrka poteter på denne måten. Vidar Rune la settepoteter oppå jorda, så la han oppå eit lag med tang og tare frå sjøen nedforbi, og til slutt la han oppå eit lag med hageavfall. Dette laget skulle forhindre at tangen og taren tørka ut. Me fekk sjå når han løfta vekk desse laga, og der låg det mange store og flotte poteter. Skikkelig stilig.

22.10.2019

Fll pizzakveld Tirsdag 15. oktober hadde heile skulen ein pizzakveld som me i kjerneverdigruppa arrangerte. Me inviterte både foreldre og søsken. Me starta med ei samling i 3-4 sitt klasserom, der me fortalte litt om kva me har jobba med. Då me var ferdige med da var det rebusløp med forskjellige oppgåver som me løyste og løpte fra post til post. Nokon foreldre og søsken var på forskjellige stasjonar f.eks: We do stasjonen, robot og programmeringsstasjonen og forskningsgruppestasjonen inne på grupperommet til de eldste. Då me var ferdige der spiste alle sammen pizza og drakk saft. Etter på det serverte me i kjerneverdigruppa bollar me hadde lagt tidligare på dagen.

22.10.2019

Her er hele 5-7.kl som skal være med på FLL i år. Vi har kommet langt og jobber mye med FLL og vi har det gøy. Alle er med!

22.10.2019

Her er programmerings gruppen. De har klart 3 oppdrag og holder på med flere!

22.10.2019

Dette er roboten vi holder på med

22.10.2019

På Vinnes friskule har vi delt 5-7 i forskjellige grupper sånn at det går kjappere og at vi får lov til å gjøre de tingene vi er flinke til! Her er kjerneverdi gruppen.